Aklimatiseringen på Elbrus ble mer utfordrende enn ventet. Deler av fjellet var dekket av knallhard is, og forholdene var svært skumle. Likevel fikk Jarle Trå med seg to turer til toppen i aklimatiseringens tjeneste. Nå er han på vei i retning av hovedmålet, og når en skal til nordsiden av Everest er selv turen til base camp en opplevelse. Jarle skriver selv følgende på sin hjemmeside:
Eg har no tilbragt nesten 3 døgn i Kathmandu, og no er det avreise kl. 0400 i natt, dvs. om få timar. Me drar så tidleg for å sleppa den intense varmen og trafikken ut av Kathmandu seinare på morgonen. På denne måten er me sannsynlegvis ved Friendship Bridge, grensebrua til Tibet, kl. 1000 i morgo. Grensebyen Zangmu er ein spektakulær liten by som klynger seg fast oppe i fjellsida, akkurat som om me i Norge skulle ha bygd ein liten by halvegs opp i Trollstigen... Og det vert ikkje mindre spektakulært vidare oppover dalen mot Nyalam (3800m). Denne dalen skjærer seg bokstaveleg talt tvers gjennom Himalaya frå sør til nord, og viss sjåføren gjer ein tabbe her er det mange, mange hundre meter ned til elvebotnen. Og ikkje ein einaste stabbestein eller autovern. Me får håpe at ikkje vegen er sperra av store stein- eller snøras som ofte går på denne strekninga. Etter ei overnatting i Nyalam, bærer det vidare over eit av verdas høgaste pass som ferdast med vanlege bilar. Me skal heilt opp i 5200 meter, før det bærer ned igjen på det Tibetanske slettelandet som generelt ligg på rundt 4000-4500 meter. Når me når den vesle landsbyen Tingri, går det over til skikkeleg offroad-køyring (ikkje det at vegen har vore noko å skryta av fram til dette punktet heller). Me køyrer bokstaveleg talt over eit fjell, og her har det aldri vore laga nokon veg, det er berre å finna ut kor det er best å køyre etter kvart. Til slutt tippar me ned i Rongbuk-dalen og verdas mest imponerande fjell kjem brått til syne innerst i dalen. Profilen til Everest frå nord er vanvittig flott, men samtidig skremmande. Det er berre å stålsetta seg for synet og gleda seg over dei enorme naturopplevelsane som ventar oss.



