arle Trå er ingen førstereisgutt. Han har også tidligere forsøkt seg på verdens høyeste fjell, og har dessuten to 8000-metere til i beltet. I tillegg kommer massevis av andre langturer, både i Norge og ellers i verden. Fra Jarle sin nettside har vi sakset følgende, som han skriver om det nyeste prosjektet:
Eg har alltid vore inspirert av tanken. Tanken på å nå toppen av verdas høgaste fjell utan kunstig oksygen, utan sherpaer og utan forhåndsetablerte leirar oppover fjellet. Å gjera det så enkelt som mogeleg.

Fra Nordskaret på Everest. Foto: Jarle Trå
I år ser det ut til at nordsida av Everest vert ein øde plass i forhold til tidligare år. Svært mange av dei store kommersielle ekspedisjonane har flytta over til sørsida (Nepal) fordi det har gått mykje rykter om at ikkje Kina ville sleppa inn klatrarar i år. Dette fordi myndigheitene fryktar opprør i forbindelse med at det i år er 50 år sidan Dalai Lama flykta frå Tibet til India. Eg samarbeider med fem andre nordmenn om felles logistikk, transport av utstyr til Base Camp frå Norge og felles opplegg rundt mat og ein felles kokk i Base Camp. Me kjem til å ha heilt individuelt og uavhengig opplegg på sjølve fjellet. Eg syns det er optimalt at det no ser ut til å bli få klatrarar på nordsida, mens på sørsida blir det sannsynlegvis større sirkus enn nokonsinne. Kanskje kan eg oppleva litt av den samme følelsen som eg hadde på Shisha Pangma i 2006, nesten åleine på ein av Himalayas gigantar.

Toppen av Shisha Pangma. Everest er nesten 800 høydemeter til. Foto: Jarle Trå
Eg brukar samme taktikken som eg brukte på Shisha Pangma (8027m) og på Cho Oyu (8201m). På begge desse fjella gjekk det veldig bra og kroppen fungerte 100%. Eg har så lang erfaring når det gjeld akklimatisering til ekstrem høgde, at eg no veit kva som fungerer for meg. Spesielt når ein klatrar utan oksygen er det viktig å akklimatisere på riktig måte. Eg planlegg derfor å bruke lite tid i ekstrem høgde før sjølve toppstøtet. Det vil også bety eit svært raskt toppstøt, med få leirer undervegs. For å klatre på denne måten, uten hjelp av sherpaer og oksygen, er ein avhengig av ultralett utstyr. Få leirer, lite logistikk og enkel taktikk!
Jarle starter aklimatiseringen i Kaukasus 4. april, før han drar videre mot Everest i slutten av måneden. Følg turen på www.jarletraa.no







